top of page
Minnegåve  (1).png

Ei minnegåve til den vesle organisasjonen "Fokus på ME" er ein fin måte å heidre eit kjært familiemedlem eller ein god venn, og er et godt alternativ til ei tradisjonell blomsterhelsing. I tillegg til å heidre ein du var glad i, veit du at gåva di til forsking gjer andre menneske nytt håp og nye moglegheiter. 

 

Kva går dei økonomiske midlane som Fokus på ME samlar inn pengar til: Dei økonomiske midlane som er gjeve frå Fokus på ME, til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus støttar direkte opp under forksingsinnsatsen for å lære meir om dei underliggende sjukdomsmekanismane bak ME, og for å utvikle rasjonell medisinsk behandling. 

 

Kjære pårørande,  slik går du fram : 

 

Som pårørande kan du oppfordre til at ein i staden for blomar, gir ei minnegåve til Fokus på ME. Mange opplyse om dette nederst i dødsannonsa, gjerne saman med Fokus på ME sitt kontonummer eller Vippsnummer. Snakk gjerne med begravelsesbyrået om de ønskjer at minnegåva skal gå til Fokus på ME. 

"Fokus på ME" er registrert på minnesidene slik at begravelsesbyrået kan sette det opp i minnesida og ein kan gje gåva direkte via dei. Gjevar får då tilsendt eit takkebrev/kvittering. 

 

Informasjon til gjevar av minnegåve: 

Ei minnegåve til Fokus på ME kan gjevast på fleire måter:

 

● Overføring til kontonummer 3705 37 44029

● Vippsnummer 548006

● Samle inn pengar i begravelsen og sett sum inn på vår konto

● Opprette ein innsamlingsaksjon: https://www.spleis.no/fokuspame

 

 

Hjarteleg takk for di støtte.  

Om vi får informasjon frå pårørande om minnegåve som er gjeve til "Fokus på ME " vil vi sende takk og dele takkeannonse på Facebook sida vår med avdøde sitt navn om det er ønskjeleg frå pårørande si side. 

Send informasjon til fokuspame@gmail.com

fokuspame_bunn.JPG
bottom of page